Ferievikarar 2019 - helse og omsorg

Høyanger kommune søkjer etter ferievikarar innan:

  • institusjonstenesta (Høyanger sjukeheim og Kyrkjebø sjukeheim)
  • open omsorg (Høyanger, Lavik og Sørsida)
  • sentralkjøkkenet

i tidsrommet medio juni – medio august med hovudvekt på juli månad.

Vi treng følgjande stillingsgrupper:

Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, sjukepleiestudentar, miljøarbeidarar, assistentar, kokk og sjåfør pasient og matkøyring.

Minste alder er fylte 18 år. Søkjarar til open omsorg må ha førarkort. Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og som kan arbeide minimum 6 veker samanhengande vil verte prioriterte. Politiattest må leggast fram ved tilsetting.

Løn etter tariff - sjukepleiestudentar vert løna utifrå kor langt ein er kome i studiet.

 

Søknaden må innehalde opplysningar om:

  • tidsrommet du kan arbeide og kvar du primært ønskjer å arbeide.
  • utdanning og evt. praksis
  • telefonnummer/mailadresse du kan treffast på

     

Kontaktpersonar:

Høyanger sjukeheim:  institusjonsleiar Sonja Myrekrok tlf. 992 19328

Kyrkjebø sjukeheim:  institusjonsleiar Oddny Sørestrand, tlf. 992 19361

Open omsorg Høyanger:  einingsleiar Oddveig Eide, tlf. 992 19305/ass.einingsleiar Kari Dale 992 19315

Open omsorg Lavik: einingsleiar Einar Hogrenning, tlf. 992 19324

Open omsorg Sørsida: einingsleiar Monica Dåvøy, tlf. 992 19326

Sentralkjøkkenet: kjøkkensjef Rønnaug Meek, tlf. 577 11658

 

Søknadsfrist: 31.januar 2019

Søknad via vårt søknadssenter. Merk søknad med sak 19/15