Ferievikarar 2020 helse og omsorg

Klikk for stort bileteHøyanger kommune søkjer etter ferievikarar innan:

- institusjonstenesta (Høyanger sjukeheim og Kyrkjebø sjukeheim)

- open omsorg (Høyanger, Lavik og Sørsida)

- sentralkjøkkenet

- legekontor

Vi treng vikariat i tidsrommet medio juni – medio august med hovudvekt på juli månad.

Vi treng følgjande stillingsgrupper:

Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, sjukepleiestudentar, miljøarbeidarar, helsesekretær og assistentar.

Minste alder er fylte 18 år. Søkjarar til open omsorg må ha førarkort. Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og som kan arbeide minimum 6 veker samanhengande vil verte prioriterte. Politiattest må leggast fram ved tilsetting. tidsrommet medio juni – medio august med hovudvekt på juli månad.

Løn etter tariff - sjukepleiarstudentar vert løna utifrå kor langt ein er kome i studiet.

Søknaden må innehalde opplysningar om:

  • tidsrommet du kan arbeide og kvar du primært ønskjer å arbeide.
  • utdanning og evt. praksis
  • telefonnummer/mailadresse du kan treffast på

 

Kontaktpersonar:

Høyanger sjukeheim: institusjonsleiar Sonja Myrekrok tlf. 992 19328
Kyrkjebø sjukeheim: institusjonsleiar Oddny Sørestrand, tlf. 992 19361
Open omsorg Høyanger: einingsleiar Oddveig Eide, tlf. 992 19305 / eller ass.einingsleiar Stine Tufte tlf 992 19315
Open omsorg Lavik: konstituert einingsleiar Tonje Systad, tlf. 992 19324
Open omsorg Sørsida:  einingsleiar Monica Dåvøy, tlf. 992 19326
Sentralkjøkkenet: tlf. 577 11658
Dagleg leiar legekontor Tonje Strandos, tlf 99 23 61 55

Søknad via vårt søknadssenter . Merk søknad med sak 19/1011