Ferievikarar - helse og omsorg

Høyanger  - Klikk for stort bilete Høyanger kommune søkjer etter ferievikarar innan institusjonstenesta (Høyanger sjukeheim og Kyrkjebø sjukeheim), open omsorg (Høyanger, Lavik og Sørsida) og sentralkjøkkenet i tidsrommet medio juni – medio august med hovudvekt på juli månad.

Vi treng følgjande stillingsgrupper:

Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, sjukepleiestudentar, miljøarbeidarar og assistentar.

Minste alder er fylte 18 år. Søkjarar til open omsorg må ha førarkort. Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og som kan arbeide minimum 6 veker samanhengande vil verte prioriterte. Politiattest må leggast fram ved tilsetting.

Løn etter tariff - sjukepleiestudentar vert løna utifrå kor langt ein er kome i studiet.

 

Søknaden må innehalde opplysningar om:

  • tidsrommet du kan arbeide og kvar du primært ønskjer å arbeide.
  • utdanning og evt. praksis
  • telefonnummer/mailadresse du kan treffast på

 

Kontaktpersonar:

Høyanger sjukeheim:  institusjonsleiar Sonja Myrekrok tlf. 992 19328

Kyrkjebø sjukeheim:  institusjonsleiar Oddny Sørestrand, tlf. 992 19361

Open omsorg Høyanger:   einingsleiar Oddveig Eide, tlf. 992 19305/ ass.einingsleiar Kari Dale 992 19315

Open omsorg Lavik:  einingsleiar Einar Hogrenning, tlf. 992 19324

Open omsorg Sørsida: einingsleiar Monica Dåvøy, tlf. 992 19326

Sentralkjøkkenet: kjøkkensjef Rønnaug Meek, tlf. 577 11658

Søknadsfrist: 15.februar

 

Søknad via vårt søknadssenter. Merk søknad med sak 18/33.

Publisert av Kari Iren Birkeland. Sist endra 11.01.2018 av Kari Iren Birkeland
 
 
Login for redigering