Fjord til fjell 2017

Kyrkjebøstølen - Klikk for stort bileteKyrkjebøstølen Geir Ove Elveseter

Fjord til Fjell pågår frå 15. april til 15. oktober 2017. Alle som går 10 (ev. 6) av dei 16 utvalde turane får ei flott t-skjorte i deltakarpremie.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Høyanger kommune, Ortnevik grendelag, Bjordal/Søreide Idrettslag, Ikjefjord Idrettslag, Lavik Idrettslag, Vadheim Idrettslag, Kyrkjebø Idrettslag og Balestrand og Høyanger Turlag. I tillegg er det samarbeid med ein del ressurspersonar i dei ulike lokalsamfunna.

Det er valt ut 16 turar i kommunen, 8 på nordsida og 8 på sørsida av Sognefjorden, kor det vert lagt ut eigne turbøker. I desse bøkene fører ein inn dato, namn og kva nummer ein er i boka. Dette nummeret overførast til deltakarbrosjyra som leverast inn til kommunen når ein har gått 10 av dei 16 turane. Alle som har vore på 10 ulike turar får ein deltakarpremie. Barn under 12 år og personar over 67 år får deltakarpremie etter 6 turar. I tillegg vert det trekt ut fem hovudpremiar blant alle deltakarane på slutten av sesongen.

Dette er ein fin måte å gjere seg kjend med ulike turmål i kommunen på. Dei 16 turane har ulik lengde og stigning, og målet er at alle skal kunne finne turar som passar for heile familien.

Ang. registrering - det er fortløpande nummerering i dei ulike bøkene, så ein får eit nytt nummer for kvar bok.

Deltakarbrosjyra kan hentast på: (vi prøver å få ut alle brosjyrer i løpet av veke 16 og 17).


Høyanger:     Rådhuset, Biblioteket, Sport’n og Kiwi
Kyrkjebø:      Joker
Vadheim:      Coop marked
Lavik:            Bunnpris og bensinstasjon
Bjordal:         Joker
Ortnevik:       Folkebutikken

Deltakarbrosjyre kan også lastast ned her. (PDF, 680 kB)

Siste frist for innsending av deltakarbrosjyra er 1. november

Fjord til fjell 2017 inneheld følgjande turar:

  1. Vassdalen
  2. Storekusen
  3. Brydalseter
  4. Stigane (2016) Almedokka 2017 (vert oppdatert)
  5. Kroppa
  6. Åkrenipa
  7. Sørevikstølen
  8. Myrestølen
  9. Trimposten over Hellebøstølen
  10. Templane
  11. Skårseggja
  12. Ytre Torvundstøl
  13. Moldurfjellet
  14. Kyrkjebøstølen
  15. Karthaugane
  16. Toppenhytta

Det arrangerast fellesturar til fleire av turmåla i løpet av sommaren:

FELLESTURAR 2017

Søndag 30. april: Skårseggja, startpunkt Varleite kl 1000, Arr.: BHT/Lavik IL

Søndag. 2. juli: Ytre Torvundstøl, startpunkt Langeneset kl 1100, Arr.: Lavik IL

Søndag 10. september: «Trimposten» over Hellebøstølen, startpunkt: Hellebø kl. 1100, Arr.: Lavik IL.

Kontaktperson i Lavik IL er Lars Tore Støldal, tlf. 95 84 65 01.

Publisert av Marte Conradi. Sist endra 19.04.2017 av Grete Bjørnsen Ulvestad
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}
{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}} hjelp

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltip']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardInnloggingTooltipUtenMinId']}}


{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Kommentar

Totalt 0 stk. kommentarer.
Tenesteskildring (1)
 
 
Login for redigering