Fotokonkurranse - klimaomstilling

Klima-Bildefil  - Fotokonkurranse 2017.jpg - Klikk for stort bilete Sogn og Fjordane Fylkeskommune inviterer til fotokonkurranse med klimaomstilling som tema. Fristen for innsending av bilete er 6. november. Konkurransen er open for alle.

Innsende bilete skal syne eitt eller fleire motiv ein meiner fortel noko om korleis vi best bur oss på dei klimatiske endringane som kan kome. Korleis vi kan omstille oss til eit grønare, smartare og betre samfunn? 

Kva er klimaomstilling?

Klimaomstilling er den heilskaplege samfunnsendringa vi treng for å kunne skape eit samfunn med lågare utslepp, og der vi er budde på klimatiske endringar som kjem. Du avgjer kva klimaomstilling er for deg! Det kan vere sikring mot ras, dritvêr, klimavenleg landbruk, kortreist mat, kjøtfri mat, sirkulær økonomi, gjenbruk, sykkelveg, elbil, elsykkel eller hybridbåt. Motiva er mange. Fylkeskommunen oppmodar alle til å nytte både kreativitet, fantasi og kunnskap til å tenkje ut og ta bilete av gode motiv.

Treng ein meir inspirasjon, kan du lese meir om klimaarbeidet i fylkeskommunen her.

Premiar

Det blir plukka ut ti finalistar. Vinnarbiletet vinn 5000 kr og blir framsidebilete på den nye regionale planen for klimaomstilling, som Sogn og Fjordane fylkeskommune vedtek i 2018.

Dei andre finalistane vinn premiar på 500 kroner. Alle bileta som blir sende inn kan bli nytta som illustrasjonar i klimaplanen og til anna profilering av Sogn og Fjordane fylkeskommune.


De finn meir informasjon og konkurransereglane på sfj.no/fotokonkurranse.

Håper mange vert med i konkurransen og dreg på jakt med kameraet sitt i haust.

Plakat (PDF, 137 kB)

Publisert av Jorunn Flæthe. Sist endra 25.09.2017 av Jorunn Flæthe
 
 
Login for redigering