Fysioterapeut

Høyanger legekontor - Klikk for stort bilete Eining for fysikalsk medisin og rehabilitering har 2 fysioterapeutar, turnuskandidat og ergoterapeut. Vi er lokalisert i nye, trivelege lokaler i Høyanger helse og sosialsenter og har og lokaler i Lavik helsesenter og Sørsida bygdetun. Vi søkjer etter fysioterapeut i 100% stilling frå 01.02.2018.

Vi arbeider innan rammer trekt opp i kommunehelsetenestelova der habilitering og rehabilitering er prioriterte oppgåver. Eininga har eit nært samarbeid med pleie- og omsorgsavdelinga, helsestasjon, skular, barnehagar, kommunelegar o.a.

Vi søkjer deg som har:

  • fysioterapeututdanning og førarkort kl B
  • evne til å jobbe sjølvstendig og på lag med andre
  • vere fleksibel og samarbeidsvillig
  • godt humør
  • god muntleg/skriftleg kunnskap i norsk

Løn etter gjeldande tariff. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar. Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest.

For nærmare opplysningar om stillinga ta kontakt med einingsleiar Maria Borlaug,

tlf. 992 19 337/57711664

Søknadsfrist: 26.11.17

Søknad via vårt elektroniske søknadssenter. Merk søknad med sak 17/767

Publisert av Kari Iren Birkeland. Sist endra 09.11.2017 av Kari Iren Birkeland
 
 
Login for redigering