Fysioterapeut

Eining for fysikalsk medisin og rehabilitering har 2 fysioterapeutar, turnuskandidat og ergoterapeut. Vi er lokalisert i nye, trivelege lokaler i Høyanger helse og sosialsenter og har og lokaler i Lavik helsesenter og Sørsida bygdetun. Vi søkjer etter fysioterapeut i 100% fast stilling frå medio april 2019.             

Vi arbeider innan rammer trekt opp i kommunehelsetenestelova der habilitering og rehabilitering er prioriterte oppgåver. Eininga har eit nært samarbeid med pleie- og omsorgsavdelinga, helsestasjon, skular, barnehagar og kommunelegar.

Vi søkjer deg som har:

  • fysioterapeututdanning og førarkort kl B
  • evne til å jobbe sjølvstendig og på lag med andre
  • vere fleksibel og samarbeidsvillig
  • ha godt humør
  • søkjarar må ha god muntleg/skriftleg kunnskap i norsk

Løn etter gjeldande tariff. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar. Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest.

For nærmare opplysningar om stillinga ta kontakt med einingsleiar Maria Borlaug tlf. 992 19 337

Søknadsfrist: 02.04.19
 

Søknad via vårt elektroniske søknadssenter. Merk søknad med sak 19/164