Godkjent som trafikksikker kommune

Klikk for stort bilete Høyanger kommune markerte si godkjenning som «Trafikksikker kommune» i kommunestyresalen på Høyanger rådhus måndag 6. januar 2020 kl 15-16.

I tillegg til lokale aktørar frå alle tenesteområde, var desse med:

  • leiar for Trafikktryggingsutvalet i Vestland fylke Jannicke Clarke (Ap). Ho er også leiar for Hovudutval for samferdsel og mobilitet
  • Rådgjevar Anders Havedal Trygg Trafikk sentralt
  • Regionsleiar Knut Olav R. Nestås frå Trygg Trafikk Vestland
  • Seniorrådgjevar Audun Heggestad Trygg Trafikk Vestland
  • «Trafikksikker kommune» er ei godkjenningsordning for kommunane utvikla av Trygg Trafikk for å bevisstgjere kommunane på verdien av – og bidra til eit systematisk trafikktryggingsarbeid på tvers av sektorar. Kriteria for godkjenning byggjer på eksisterande lovverk, og pålegg ikkje kommunane oppgåver utover dette, men er ei hjelp til å systematisere arbeidet.

I «Fylkeskommunal handlingsplan for trafikktrygging 2018 – 2021» som vart godkjent av fylkestinget desember 2017, er det eit mål at alle kommunane i fylket skal starte prosessen, og at minst 10 kommunar skal bli godkjent som trafikksikker kommune i løpet av planperioda. Høyanger kommune var det første kommunen i Vestland som vart godkjent som trafikksikker kommune.

Hausten 2018 starta Høyanger kommune arbeidet med å fylle kriteria for å bli ein trafikksikker kommune.  Høyanger kommune v/Trafikktryggleiksgruppa, beståande av leiar drift og vedlikehald Olav Nordgulen, kommuneplanleggar Synne Vefring, folkehelsekoordinator Kine Gunnarskog og HMS og kvalitetsjef Toril Varden, har fått rettleiing frå Audun Heggestad i Trygg trafikk om kriterier, samt korleis kome i gang med arbeidet. Andre aktuelle lokale aktørar frå dei kommunale tenesteområda har systematisk vore inkludert i prosessen, og har bidrege  i det kommunale trafikktryggleiksarbeidet.

I samband  med markeringa blei det ein intern gjennomgang av kriterier og godkjent dokumentasjon. Etterpå var det kaffi og kaker, samt utdeling av skilt og gave til skular, barnehagar, helsestasjonen og rådhuset. Skilta markerer at kommunen er godkjent som trafikksikker kommune.