Gratis strøsand til eldre og uføre

logo  - Klikk for stort bilete

Høyanger kommune vil også i vinter førebyggje ulykker blant eldre med å dele ut gratis strøsand. Målgruppa er dei som er 67 år eller eldre, men uføre vil også kunne bli omfatta av denne ordninga (særskilt vurdering i kvart tilfelle).

Strøsanden må hentast ved utestasjonen i Høyanger (ta med bøtte). I særskilte tilfelle kan Høyanger kommune levere bøtte med sand direkte på døra til folk som ikkje er i stand til å hente sjølv eller ikkje har nokon til å hente sanden for seg. Dette må i tilfelle avklarast med helse.

Folk i Vadheim kan hente sand ved utestasjonen der, ta evt. kontakt med utestasjonen. Kommunen har også noe sand i Lavik.

Publisert av Synne Vefring. Sist endra 30.01.2018