Koronavirus - Covid 19

Vi oppfordrar innbyggarane våre om å unngå unødig reiser til Bergen på noverande tidspunkt. Dette på grunn av ei auke av smittetilfelle og ein uavklart smittesituasjon i samfunnet.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset? Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Hålandsnipa

Klikk for stort bileteHålandsnipa utsikt

 

Turen tek ca. 3t. og går frå 600 m.o.h.  til 981 m.o.h. på det høgaste. Hålandsnipa ligg på 821 m.o.h. Parkering ved bommen opp til Breiddalen.

Klikk for stort bileteSkilt HålandsnipaFølg vegen frå bommen opp til Breiddalen. Om lag 700m. før demninga går det av ein skilta og merka sti til høgre frå vegen.

Følg stien opp Halsen til du kjem til toppen på 981 m.o.h. Boka ligg under masta på toppen. Frå toppen er det om lag 1 km. enkel vandring sørover til utsiktspunktet ute på tuppen av Hålandsnipa. Her får du nydeleg utsikt over Høyanger og Høyangsfjellet.

 

 

Klikk for stort bileteKlikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

Klikk for stort bileteHålandsnipa

Publisert av Synne Vefring. Sist endra 15.04.2015