Har du lyst til å strikke til Dagsturhytta?

Dagsturhytta på Synken står snart ferdig, og vi håpar den skal bli mykje brukt heile året.

Om du har mykje restegarn liggande, og du ikkje veit kva du skal bruke det til, ville vi bli kjempeglade om du kunne strikke sitteunderlag og/eller tøfler til dagsturhytta! Vi har allereie fått inn mange strikka lappar som skal bli til lappeteppe i hytta.

 

Som kjent for mange, kjem det slik dagsturhytte i alle kommunane i fylket. Nokre stader har mange flittige hender tatt utfordringa med å strikke underlag til å sitte på, og tøfler som kan brukast inne i hytta.

Om du har restegarn, tid og lyst til å strikke, ville vi og mange turglade blitt kjempeglade! Det vil  gjere hytta enda trivelegare å besøke, og du får vere med å sette akkurat ditt preg på den.

Alle bidrag kan leverast i servicetorget på rådhuset eller ved Høyanger bibliotek.

Om du har spørsmål om dette kan du ta kontakt med Maria Brendehaug Petersen tlf. 474 57 006 eller Grete Bjørnsen Ulvestad på tlf. 992 19 384.

 

 

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto Gloppen kommune

Hytta tek form - Klikk for stort bileteHytta tek form Dagsturhytta 1 - Klikk for stort bilete