Koronavirus - Covid 19

Vi oppfordrar innbyggarane våre om å unngå unødig reiser til Bergen på noverande tidspunkt. Dette på grunn av ei auke av smittetilfelle og ein uavklart smittesituasjon i samfunnet.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset? Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Haukedalen

Turen tek ca. 1,5t. og går frå 30 m.o.h. til 182 m.o.h. Sjå kart nedanfor for turrute og parkering.

Klikk for stort bileteHaukedalen Marte Conradi

 

Adkomst og parkering: Følg fv. 8 inn til austsida av Ikjefjorden. Ta av til høgre og følg vegen vidare til ho kryssar elva. Parkering her. Sjå kart nedanfor for parkering.

Klikk for stort bileteHaukedalen Marte Conradi

 

Turen til Haukedalen følgjer veg/traktorveg heile ruta. Ein begynner å gå i ope kulturlandskap, men kjem raskt inn i skogen. Det er ei bratt stigning på sluten av turen, og fin utsikt frå turkassa.