Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Havren

Klikk for stort bileteHavren Geir Ove Elveseter Turen tek 6-8t. , og går frå 125 m.o.h. til 1230 m.o.h.  Sjå kart nedanfor for rute (Randtangen til Vardefjell)

Adkomst og parkering: Frå Høyanger ta av mot Dale. Fylg vegen fram gjennom dalen til utbyggingsområdet heilt innerst. Parkering nedst i trappane, ved den gamle kraftstasjonen K2.

Klikk for stort bileteUtsikt Havren Odd Arild Løseth Turen startar med 2500 trappetrinn, eventuelt på stien som går av etter om lag 100 trappetrinn Frå toppen av trappane går ein vidare innover anleggsvegen ca. 500 m. Her går det av ein sti til venstre like før rasoverbygget. Denne stien går fyrst i litt vått terreng, og har jamn bratt stigning opp til Nova (936 m.o.h.) Her er det fint utsyn, over Høyanger. Vidare er det ingen tydeleg sti, men terrenget er lett å gå i. Den fyrste toppen ein kjem til ligg 1184 m.o.h. . Vidare flatar det ut litt før ein kjem til den siste, bratte stigninga mot Havren på 1230 m.o.h..  

 

Klikk for stort bileteKart Havren