Heile Noreg ryddar!

Strandrydding - Klikk for stort bilete Aksjonen «Heile Noreg ryddar» går av stabelen 3. mai, og Høyanger kommune ønskjer å legge til rette for dei som ønskjer å gjere ein innsats! Dette er ein aksjon for å få folk til å fjerne plast, glas, papp og papir som ligg langs fortau, i nabolaget, på turstiane, i barnehagen, på skulen og andre stadar.

I samband med aksjonen er følgjande tilbod lagt til rette; 

  • SIMAS tek i mot avfall gratis på miljøstasjonen i Vadheim i opningstida mellom kl. 12.00 og 19.00 
  • Frivilligsentralen tek i mot avfall og køyrer det gratis til miljøstasjonen i Vadheim. Les meir her.
  • Sekkar og hanskar til ryddedugnadar kan hentast på Høyanger rådhus, i Høyangerhallen, på miljøstasjonen i Vadheim og på Lavik maskinsenter.
  • Boss kan leverast i gjennomsiktige sekkar på ettermiddagen den 3. mai ved Lavik maskinsenter, Høyangerhallen og miljøstasjonen i Vadheim.

I tillegg melder Osland Havbruk AS at dei vil stille på Osland Brygge mellom kl. 17.00 -18.00. I dette tidsrommet tek dei i mot avfall frå andre som bidreg til ryddeaksjonen. 

NB! Ein gjer merksam på at for punkta ovanfor gjeld det kun herrelaust avfall plukka i samband med aksjonen «Heile Noreg Ryddar»!   

 

Strandryddedagen

Strandryddedagen er ein aksjon i regi av Hold Norge Rent som fokusera på rydding av strandsoner og områder knytt til vassdrag. Eigne sekkar til marin avfall merka med Kystlotteriet må nyttast. Kystlotterisekkane er gratis å hente ut og levere på miljøstasjonen i Vadheim.

For meir informasjon sjå;   

NRK Sogn og fjordane

Strandryddedagen og Kystlotteriet