Helsesekretær

Høyanger legekontor - Klikk for stort bilete Høyanger helsesenter har 5 unge kommunelegar som held til i nye tidsmessige lokalar midt i Høyanger sentrum. Helsesenteret har og utekontor i Bjordal og Lavik. Kontoret har 3 helsesekretærar, sjukepleiar og laboratorium med bioingeniør. Vi har moderne IKT-system og har eit godt arbeidsmiljø. Vi har ledige 60% stilling som helsesekretær - vikariat. 

Vikariat er ledig frå 01.06.17 til 31.12.17 med mogeleg forlenging.  Stasjoneringsstad vil være Høyanger, men ein må kunne pårekne arbeid ved utekontor i Lavik/Sørsida dersom behov. 

Kvalifikasjonar:

  •  søkjarar må ha helsesekretær eller sjukepleiar/helsefagarbeidarutdanning.
  •  kunne arbeide sjølvstendig og være serviceinnstilt
  •  vere fleksibel og samarbeidsvillig
  •  ha grunnleggjande datakunnskap eller vere villig til å lære dette.
  •  søkjarar må ha god muntleg/skriftleg kunnskap i norsk

 

Arbeidsoppgåver:

  • resepsjonsteneste/publikumsservice
  • laboratorium/skiftstuearbeid
  • posthandsaming/arkivering
  • forefallande kontorarbeid

Kontaktperson: helse og omsorgssjef Toril Varden  på tlf 577 11 602/992 19 345.

Løn etter gjeldande tariff. Kommunen har gode penrjson- og forsikringsordninga gjennom KLP.

Søknadsfrist: 02.04.17

 

Søknad via vårt elektroniske søknadssenter. Merk søknad med sak 17/225.

Publisert av Kari Iren Birkeland. Sist endra 17.03.2017 av Kari Iren Birkeland
 
 
Login for redigering