Høyanger kulturskule tilbod 2022/2023

Nytt skuleår nærmar seg og dermed tid for å søkje om elevplass i kulturskulen.

Søknadfristen om plass i kulturskulen er 24. juni, etter det har vi løpande opptak.

 

Nytt frå neste skuleår er to kortilbod:

kulturskulens barnekor 3.-4. kl.trinn og 

kulturskulekoret for dei i alderen 13 - 100 år!

 

Du kan lese meir om tilboda i brosjyren og her på heimesida til kommunen.

Kulturskulen har tilbod innan musikk, visuelle kunstfag og dans i samarbeid med DUG Høyanger. Vi har undervisning i alle fem bygdelaga i kommunen.

Vil du sjå meir av kva kulturskulen gjer, kan du søke opp Høyanger kulturskule på Facebook.