Høyanger Ungdomskor - vi er i gong og har plass til fleire!

Høyanger Ungdomskor er i gong og vi utvidar til 5.klassetrinn. Vi øver tysdagar kl. 1600-1700 i aulaen på Høyanger skule.

Klikk for stort bilete 

Ungdomskoret er i regi av Høyanger Kulturskule. Dette passar for deg som likar å synge og er i alderen 5.klassetrinn til og med 10. klassetrinn. Første oppdraget vårt vert å synge på julekonserten med Chris Medina, onsdag 11.desember i Høyanger Kyrkje saman med Høyanger prosjektkor.

Kom kom!