Høyring - utbygging av breiband i Høyanger kommune

Høyanger kommune vil søker om statleg tilskot til utbygging av breiband i kommunen. Vi vil i år søke om tilskot for Lavikdalen.

Lavikdalen - utbyggingsområde  - Klikk for stort bileteLavikdalen - utbyggingsområde

 

 

 

Eit av krava til søknaden, er at planen for utbygging skal vera lagt ut til offentleg høyring i tre veker. Bedrifter og innbyggjarar som ønskjer å uttala seg til høyringa, må gjera dette innan:

7. april 2017.

Kommunen arbeider for at innbyggjarane skal ha eit godt og stabilt tilbod om digital kommunikasjon både gjennom fast- og mobilnett. Det er bygd ut radio og fiberbasert aksessnett til deler av kommunen, men mange har framleis eit aksessnett basert på ADSL med låg kapasitet og kvalitet.

Dagens samfunn baserer store deler av tenestetilbodet på at innbyggjarane har tilgang til internett. Sogn og Fjordane er det fylket i landet med dårlegast dekning av høghastigheits breiband. Utbyggingsbehovet i kommunane er stort.

For å betra situasjonen, vil Høyanger kommune søke om finansiering til å byggja ut høghastigheits breiband til innbyggjarar, næringsliv og offentlege institusjonar i område som i dag manglar eit tilfredsstillande tilbod. Høyanger kommune vil søke om støtte til Lavikdalen.

Området kommunen planlegg å søkja støtte til, er vist i kartutsnittet. Me gjer merksam på at tilskotsordninga ikkje opnar for å søkja støtte til område som alt har tilbod om 30 Mbit/s nedstraums kapasitet eller meir.

Regjeringa har gitt "Nasjonal kommunikasjonsmyndighet" (NKOM) i oppgåve å administrera tilskotsordninga. Kommunar og fylkeskommunar kan søkja NKOM om støtte.

I samband med søknaden vil me invitera bedrifter og innbyggjarar til å koma med innspel i forhold til utbyggingsplanane til kommunen.

Fristen for høyringa er 7. april 2017. Innspel kan sendast på e-post til postmottak@hoyanger.kommune.no og merkast "høyringsuttale breibandsutbygging" saksnr. 17/161, eller registrer inn i elektronisk skjema Høyringsuttale

Publisert: 16.03.2017 av Arnvid Hovland.

 

Publisert av Ingrid Fureli. Sist endra 16.03.2017 av Ingrid Fureli
 
 
Login for redigering