Koronavirus - Covid 19

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Hydro Høyanger sine tiltak og prosedyrar for å unngå spreiing av koronasmitte frå utanlandske sjåførar og båtmannskap

Klikk for stort bileteHydro følger regelverk frå Folkehelseinstituttet, Kystverket, Transportørar, samt eigne interne krav.

 

Når det gjeld båtmannskap, får ikkje desse gå i land, med unntak av naudsituasjonar som t.d sjukdom. Ved slike høve skal ambulanse tilkallast. Før båten kjem til Høyanger, får Hydro informasjon via agent om tilstanden på mannskap og skip. Det er ingen fysisk kontakt mellom personalet på Hydro og båtmannskapet når båten ligg til kai.

 

 

Når det gjeld reglar for sjåførar, er dette også på plass. Tilsette ved Hydro Høyanger har ikkje direkte kontakt med sjåførane. Sjåførane har tilgang til eit eige toalett i Hydro sine lokale. Toalettet er kun for sjåførane, og blir vaska jamleg. Ved lasting og lossing, er det heller ikkje kontakt mellom sjåførar og Hydrotilsette. Sjåførane held seg i bilane, og har eigne rutinar for reingjering i desse. Alle rutinar finst på relevante språk, og vert også sendt ut til alle tilsette. Det blir kontrollert at rutinar og regelverk blir halde, og at tiltak blir følgt opp.