Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Informasjon frå omsorgstenesta til brukarar og pårørande

Klikk for stort bileteHøyanger kommune bur seg på ein situasjon der mange vil bli sjuke av koronaviruset. Det vert gitt ekstra opplæring, og ein kartlegg kva personell og kva kompetanse dei har. Omsorgstenesta har tett dialog med kommuneoverlege, sjukeheimslege og kommuneleiinga. Vi følgjer generelle råd og informasjon frå folkehelseinstituttet.

 

 

Institusjonane

 

Avlasting og korttidsopphald

Dette er opphald som ein må vere budd på vert avlyst. Institusjonen må ha kapasitet til å ta imot fleire sjuke framover. I ein slik situasjon der både mange pasientar er sjuke og kanskje også mange tilsette er sjuke vil ein måtte prioritere nøye kva oppgåver som MÅ utførast.

 

Langtidsplasser

For dei som er tildelt langtidsplasser, vil ein kanskje måtte utsette innflytting ein periode til epidemien er over.

 

Fleire pasientar på kvart pasientrom

Det vert truleg behov for å legge fleire pasientar på kvart pasientrom. Dette på grunn av at pasientar som ligg på sjukehus, vil bli sendt ut til kommunen, og dei vil sannsynleg ha behov for institusjonsplass ein periode.

 

Koronasjuke pasientar -Oppretting av isolasjonsavdeling

For dei som blir smitta av koronaviruset og vert så sjuke at dei må ha tilsyn heile døgnet, vil det bli oppretta eigne plassar. I Høyanger kommune skal dei som ikkje kan isolerast heime, innlosjerast i eiga og avstengt avdeling v/Høyanger sjukeheim slik at dei smitteverntiltak som er naudsynte vert ivareteke.

 

Heimetenesta

Når tal smitta aukar, kan det bli mangel på helsepersonell. Det betyr at pårørande som har høve til det, må ta hand om sine næraste sjølve, ein periode. Omsorgstenesta vil måttte prioritere ressursane mot dei som er alvorlegast sjuke. Det kan også vere oppgåver ein må utsette om det blir stor personalmangel.

 

Avlastingsbustader

Ein må vere budd på at avlastingsbustader må stengast ein periode for å klare å ta hand om dei som er sjuke.

 

Butiltak

Om det er pårørande som ein periode kan ta hand om sine, vil det vere svært bra. Det vil bli mangel på helsepersonell framover, og ein må prioritere dei sjukaste.

 

Dagsenteret

Dagsenteret er open for dei som bur i omsorgbustadane. Det er innført reglar slik at ein sikrar at brukarar har avstand mellom seg når dei er der. Brukarar som har influensa-liknande symptom (feber, hoste, vondt i halsen el) må opphalde seg i eigen omsorgbustad. Dersom det vert vurdert vurdere å omfordele tilsette til oppgåver knytt til dei som vert sjuke, må ein bu seg på at dagsenteret kan bli stengt med kort varsel.

 

Frivilligsentalen

Frivilligsentralen kan bli stengt for å nytte personalet til andre oppgåver for å klare å ta hand om dei som er sjuke i andre deler av tenesta. Alle er kjent med at situasjonen kan endrast fortløpande.

 

Informasjon til befolkninga om andre helse og sosial tilbod i kommunen

 

Legetenesta i Høyanger kommune

All kontakt med legekontora skje etter avtale, det vert ikkje mogleg å ta kontakt med legekontora i Høyanger, Lavik og på Søreide ved oppmøte.

Vi har no høve til videokonsultasjonar, der vi kan kommunisere med deg via PC, mac, nettbrett eller smarttelefon med kamera. Hugs at du også kan ta kontakt med fastlegen via helsenorge.no.

Les meir på Høyanger sine heimesider:

https://www.hoyanger.kommune.no/aktuelt/legetenesta-i-hoyanger-kommune.24192.aspx

 

Helsestasjon/helsesjukepleiar i Høyanger kommune

Helsestasjonen vil ha reduserte tenester.  «Drop- inn» avtaler vert stengt.  Barn som har avtalar vert tatt hand om. Vi prioriterar nyfødte, 6 veker, 3 og 5 mnds kontrollar. Andre kontrollar blir vurdert undervegs. Vi ynskjer at berre ein føresett er med til kontroll, ingen søsken eller andre  skal vere med inn på Helsestasjonen.

Helsestasjon for ungdom blir stengt. Men brukarar kan ringe og vi vurderar behov for time.

Ingen reisevaksinering vil bli prioritert.

Spebarnstreff vert utsett

Dersom personell  ved Helsestasjon blir omdisponert, så blir Søreide og Lavik stengt.

Vi bere alle henvendingar skje via mobil telefon. Oppmøte på helsestasjon er kun etter avtale

 

Barnevern i Høyanger kommune

Alle tilsette i Høyanger barnevernteneste har heimekontor-løysing. Dette  for å skjerme seg sjølv og andre i høve smitterisiko. Prioritering sakshandsaming:

Akuttsaker i barnevern:

  • Vurdere risikoen for smitte og behov for smittevernsutstyr
  • Avklare den akutte situasjonen per telefon
  • Ved heimebesøk/samtalar med barnet og familien
  • Vurdere om det er fare for liv og helse for barnet å opphalde seg hos familien, jf barnevernlova § 4-6.

 

NAV

Jobbsenteret til NAV er stengt. Alle tilsette i NAV sit på heimekontor- løysing.  Alle tilsette i NAV er tilgjengelege og behandler saker som vanleg. Ein har per no særskilt forkus på at dei som søkjer om økonomisk stønad skal få gjort dette. Med innføring av digisos kan dei aller fleste gjere dette elektronisk heimanfrå, men det ligg og søknader utanfor jobbsenteret som folk kan fylle ut. Desse legg ein i postkassa utanfor jobbsenteret, postkassa blir tømt kvar dag av tilsett ved NAV. 

Vidare merkar vi no at bedrifter permitterer tilsette, og vi legg vekt på å ta snarleg kontakt over telefon med alle permitterte og hjelpe dei med registrering og innsending av dei rette skjemaa slik at dei kan få innvilga dagpengar snarast mogleg.

 

Fysioterpitenesta-  kommunal

Etter helsdirektoratet sit vedtak stenger fysiterpitenesta.  Vedtaket gjelder fra og med 16. mars klokken 00.00 til og med 26. mars 2020 med mulighet for forlengelse.

Kommunene skal likevel sikre at pasientar fortsatt får dekkt sine behov for helt naudsynt helsehjelp. Dette kan til dømes omfatte pasientar med behov for helt naudsynt rehabilitering og behandling etter akutt alvorleg sjukdom, eller naudsynt behandling for å oppretthalde viktig funksjon som ellers kan gå tapt. Om slik behandling må gjevast, skal smitteverntiltak sikre både behandlar og pasient fra smitte og sikre at vidare smitte til befolkninga unngås.

 

Fysioterpi-  privat

Instituttet er foreløpig stengt etter anbefaling frå fysioterapeutforbundet. Klinikken har jobbtelefon slik at dei kan ta imot henvendingar pr tlf og evt rettleie/svare på spørsmål pr tlf eller evt skype. Dersom ein får pasientar med kritisk behov for fysioterapi vil vi selvfølgelig opne for behandling av desse.