Koronavirus - Covid 19

Alt om korona- Høyanger kommune Korona- information in other languages  

 

Spørsmål i samband med vaksinering ring 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 12:00
Spørsmål om koronavirus? Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Informasjon om koronasituasjonen frå Høyanger kommune

Klikk for stort bileteDet er sommar og ferietid, vi kan likevel ikkje ta ferie frå smitteverntiltaka.     

 

Nasjonale råd og reglar:

  • Hugs god hand- og hostehygiene. 
  • Hald 1 meter avstand til andre enn dei du bur i lag med.
    Unngå fysisk kontakt, inkludert handhelsing og klemming. I private heimar gjeld følgande råd for avstand for dei som er vaksinerte
  • Oppfordring til å møte andre utandørs, sidan risikoen for smitte er høgare inne enn ute
    Ikkje ta imot fleire enn 20 gjester. Barn i barnehagar og barneskule kan likevel ha besøk frå eigen kohort/klasse/avdeling sjølv om det overstig tilrådd tal gjester. Dei som er beskytta vert ikkje rekna med i avgrensinga på tal gjester. Rådet om avstand gjeld framleis, men dei som er beskytta kan ha nær sosial kontakt (under ein meter) med andre beskytta og ubeskytta som ikkje er i risikogruppa.
  • Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, må du halde deg heime og du bør ta ein test om du mistenker at du er smitta med koronaviruset. Dette gjeld også om du er vaksinert.

Oppmodingane gjeld for heile landet. Kommunar kan innføre strengare lokale tiltak på grunn av smittesituasjonen. Sjå kommunen si heimeside for informasjon om lokale tiltak der du bur eller dit du skal reise.
Bruk gjerne smitte-appen om du reiser i Norge.

Testing

Høyanger kommune tilbyr testing kvar dag; måndag – fredag, kl 11:00 – 12:00.
Meld deg her for testing. Det er ikkje høve til å møte på døra for testing!
For testing same dag ring legekontoret på tlf. 577 13 900 før kl. 10.30 måndag-fredag.

Lavik og Søreide har ein andre ordningar, kontakt legekontoret på tlf. 577 13 900 for informasjon og avtale.

I helgene og heilagdagane kan ein få utført test ved å booke time for testing på Sunnfjord kommune si heimeside, testing føregår på legevakta SYSIKL i Førde.

Vaksinering

Høyanger kommune er godt i gang med vaksinering og innan primo august satsar vi på at alle innbyggarane våre har fått 1. dose. Vi har fått masse god hjelp som gjer at vi kan gjennomføre vaksineringa, også i sommarmånadane. Vi tar imot alle dei vaksinedosane vi får og utan hjelp ville vi ikkje klare å ta imot alle dosane og gjennomføre vaksineringa.

Innbyggarane og smitteverntiltak

Vi har vore heldige og hatt lite smitte i kommunen. Vi er takksame for at innbyggjarane våre til ei kvar tid har fulgt smittevernråda og ber om at du framleis held fram med tiltak som god hand- og hostehygiene, hald avstand og planlegg gjerne møte utandørs, og sjølv om du er vaksinert: test deg om du får symptom.

Vi ønsker alle ein god og smittefri sommar!
 

Kjellaug Brekkhus                         Kristine Longfellow
Kommunedirektør                         Kommuneoverlege

 

Oversikt over nasjonale tiltak pr 08.07.2021
Meir om avstand, sosial og fysisk kontakt finn du her