Inviterer heile Noreg til å ta #1omdagenDet å kome seg ut i frisk luft er viktig både for den psykiske og fysiske helsa. Difor lanserer Norsk Friluftsliv kampanjen #1omdagen, der det norske folk blir oppfordra til å kome seg ut av døra minst ein gong om dagen. Kvifor #1omdagen?Norsk Friluftsliv har fått i oppdrag frå Helsedirektoratet å bidra til å inspirera det norske folk til å kome seg ut i naturen, som eit grep for å ivareta den psykiske og fysiske helsa under koronapandemien. For mange er dei vanlege grunnane til å kome seg ut no forsvunnen, når ein ikkje lengre reiser til jobb eller på besøk til venar, til fritidsaktivitetar og liknande.Vi ønskjer å minne om at sjølv om mykje no er stengt, er naturen framleis er open – og håpar at hugseregelen #1omdagen kan gje mange ein ny grunn og motivasjon til å koma seg ut. Forsking visar at berre 10 minutt i grøne omgjevnader senker stressnivået, og gjer at vi føler oss betre.Fotograf @friluftsflokken, Instagram. Kva er #1omdagen? Fotograf Synne Kvam #1omdagen er ei oppfordring til å kome seg ut døra minst ein gong om dagen. Målet er at det skal vere så lågterskel at alle kan gjera det på sin måte. Eksemplar på #1omdagen kan vera: Set deg på ein stubbe og nyt dagslyset Luft nokon sin hund Ta lunsjen eller middagen ute i dag Utforsk ein ny veg i nabolaget Gå ut og tenn eit bål med nokon du er glad i Gå ein kveldstur med hovudlykt Er det snø – finn frem akebrettet og leik deg Nyt morgonkaffien i husveggen eller på ein benk Gå på fuglesafari i nærmiljøet Gå ut og øv deg på kart og kompassFølg Norsk Friluftsliv på Facebook og Instagram