Koronavirus - Covid 19

Vi oppfordrar innbyggarane våre om å unngå unødig reiser til Bergen på noverande tidspunkt. Dette på grunn av ei auke av smittetilfelle og ein uavklart smittesituasjon i samfunnet.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset? Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Karthaugane

Turen tek ca. 1t, og går frå 200 m.o.h. til 540 m.o.h. Sjå kart nedanfor for rute.  

Adkomst og parkering: Følg vegen til Berge og køyr mot Øvre Berge. Turen byrjar ved bommen.

Klikk for stort bileteKarthaugane Geir Ove Elveseter

 

Følg traktorvegen heile vegen. Det må påreknast noko stigning og bratte delar. På den siste delen går ein gjennom eit myrområde, så det kan vere litt blautt. Oppe på Karthaugane er det mange fine stølshus, og ei flott fjordutsikt