Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde i Høyanger kommune

Klikk for stort bileteFormannskapet i Høyanger kommune vedtok i 29.11.2016 oppstart av eit prosjekt for å kartlegge og verdsette områder for friluftsliv i kommunen. Kartlegginga og verdivurderinga er no avslutta, og blir lagt ut for ei enkel høyring. Alle innbyggarar er velkomne til å komme med innspel. Utvalde lag og organisasjonar vil få eige brev.

Friluftslivsområdekartlegginga er eit nasjonalt tiltak forankra i Nasjonal strategi for aktivt friluftsliv og Folkehelselova. Det er eit verkemiddel for å identifisere areal i kommunen som blir brukt til friluftsliv. Dette bidreg til å auke kunnskapsgrunnlaget for å kunne ivareta god arealplanlegging i kommunane. Det er eit mål at alle kommunar skal ha gjennomført kartlegging av friluftsområda innan januar 2020.

 

Arbeidet i Høyanger kommune har fylgt metoden skissert i i Miljødirektoratet si rettleiar M98-2013. Ei fleirfagleg arbeidsgruppe frå administrasjonen har ved hjelp av skulane og barnehagane og andre ressurspersonar i kommunen kartlagt, kategorisert og verdsett viktige friluftsområda i kommunen. Resultata skal publiserast i Naturbasen. Dette er ei rein temakartlegging dvs. resultata er ikkje juridisk bindande. Døme på type friluftsområde er leike- og rekreasjonsområde, grønkorridorar, nærturterreng, store turområdar, badeplassar og utfartsområde.

 

Høyringsdokument:

 

Verdivurderingsskjema for alle kartlagde område,

for PDF-dokument.

Ta gjerne kontakt med arbeidsgruppa v/Eirik Norheim, Eirik.Norheim@hoyanger.kommune.no om du har spørsmål.

 

Lenker til meir informasjon:

 

https://www.regjeringen.no/contentassets/4061fdb13c834bccaebed8b920f9e96b/t-1535.pdf

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2011-06-24-29

https://www.miljodirektoratet.no/globalassets/publikasjoner/M98/M98.pdf

https://www.miljodirektoratet.no/verktoy/

 

Høyringsfrist er 09.09.2019. Send epost til postmottak@hoyanger.kommune.no.

 

De er og høve å senda brev til: Høyanger kommune, Postboks 159, 6991 Høyanger.