Kinomedarbeidarar

Byporten med Bytorget - Klikk for stort bilete Ved Høyanger kommunale kino er det frå snarast ledig 2 stillingar som kinomedarbeidar. Kvar av stillingane inneber ca. 20 timar i månaden, kvelds- og helgearbeid.

 

 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Førebuing til kinoframsyning
  • Sal av billettar og kioskvarer
  • Vakt i kinosalen
  • Rydding og reingjering i kinosalen

Vi søkjer etter medarbeidar som:

  • har god kjennskap til data
  • er serviceinnstilt og påliteleg
  • er interessert i film
  • likar å arbeide i team men og har evne til å arbeide sjølvstendig
  • er fleksibel i høve arbeidstid (kvelds- og helgejobbing)
  • har gode kommunikasjonsevner
  • trivst i eit tidvist travelt arbeidsmiljø

Søkjarar må vere fylt 18 år ved oppstart

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt kinosekretær Angelika Ludwig på tlf 992 19 353.

Søknadsfrist : 22.10.17

Elektronisk søknad via søknadssenteret. Merk søknaden med sak 17/671.                                       

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

Publisert av Hilde Sviggum. Sist endra 05.10.2017
 
 
Login for redigering