Kommunepsykolog

Byporten - Klikk for stort bilete Høyanger er ein kraftfull og sterk  industristad med eit mangfaldig og rikt kulturliv. Industristaden er rike på erfaringar og gevinstar der ulike kulturar og nasjonalitetar er godt integrert og synlege i bybildet.  Eit godt utbygd aktivitetstilbod med idretthall, treningsenter, flott badeanlegg, vintersportanlegg og fotballanlegg. Naturen ikring oss innbyr til aktivitetar både i fjord og fjell. Til fots, på ski, i lufta(speediving), i kajakk eller båt. Musikkmiløet i Høyanger er kjent for sin variasjon og spennvidde, og dei utgjer ein del av vårt rike kulturliv som nyttar våre lokale fasilitetar til konsertar og tilstellingar. Høyanger kommune har omlag  4200 innbyggarar. Tryggleig og nærleik til våre innbyggarar gjer at vi har ein kommune som er ein god stad å bu, arbeide og leve i! Vi har ledig 100% stilling som kommunepsykolog .  

Frå komande haust vert det lyst ledig fleire stillingar for kommunepsykolog i Sogneregionen der Høyanger skal tilsette ein av desse. Stillingane fordeler seg på dei ulike kommunane i regionen, men vil ha nært samarbeid gjennom regelmessige møte i det felles interkommunale nettverket.

Sentralt i prosessen vert god førebuing og tilrettelegging internt i den einskilde kommune. Vidare vert det gjennom etablering av interkommunalt psykolognettverk, danna fagleg fora for handtering av fagetiske spørsmål og felles utfordringar. Fagnettverket vil òg samarbeide nært med spesialisthelsetenesta og vere sentralt i høve til tiltak og felles undervisning ved spesialisering.

Det overordna målet i Høyanger kommune er å styrke tilbodet til barn og ungdom som har lettare til moderate psykiske lidingar. I kommunen vil eit tverrfagleg samarbeid mellom psykolog, helsesøster, barnevern, open omsorg –psykiatritenesta og oppvekst vere eit sentralt satsingsområde.

Kommunepsykologane vil primært jobbe med å kvalitetssikre kommunen sine psykososiale tilbod for barn , ungdom og familiar. Dette vil skje gjennom undervisning, rettleiing og drøfting med andre faggrupper. Vidare delta i ulike former for tverrfagleg samarbeid og prosjekt, og delta i plan og systemarbeid. I delar av stillinga vil kommunepsykolog gje tilbod om individuelle samtaler med barn og unge med lette til moderate psykiske helsevanskar. Psykolog skal vere som ein naturleg del av eit team og vert samlokalisert saman med faggrupper innan barnevern og helsesøster.

Endeleg utforming av stillingsinnhald innanfor skissert satsing og fagområde vert lagt i samarbeid med den som vert tilsett i stillinga. Psykologen vil ha høve å påverke og forme det psykologiske helsetilbodet i kommunane.

Kvalifikasjonskrav for stillingane

  • Erfaring frå primær- eller spesialisthelsetenesta er en fordel
  • Grunnleggande IKT-kompetanse
  • Interesse for forsking og fagutvikling er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar både skriftlig og munnleg med god framstillingsevne
  • Personlige eigenskapar som initiativrik, engasjert, fleksibel og strukturert
  • Må ha sertifikat klasse B og disponere eigen bil. 

Vi kan tilby:

  • Gode arbeidsforhold med et aktivt og engasjert arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktig lønn i tråd med tariff 
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Vi legg til rette for relevant vidare- og etterutdanning og spesialisering, samt deltaking i relevante faglege nettverk.

Tilsetting skjer på vanlige kommunale vilkår ut frå gjeldande lover, regler og avtaleverk, pensjonsordning (KLP). Med heimel i Helse og omsorgstenestelova § 5-4, vert det stilt krav om godkjent politiattest før tiltreding i stillinga.  

Kontaktperson: helse og omsorgssjef Ingun Indrebø tlf 47 89 07 05

For elektronisk søknad via vår søknadssenter eller til postmottak@hoyanger.kommune.no. Merk søknad sak 19/348.

Søknadsfrist: 20.05.19