Koronavirus - Covid 19

Status pr 22.01.2021: Ein påvist smitta, arbeidsinnvandrar. Den smitta sit i isolasjon. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre!
 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Korona tiltak

Klikk for stort bileteKommunen har hatt møte med bakgrunn i FHI sine smitteverntiltak som vart publisert 03.01.2021, og i samsvar med dette gjort følgande tiltak, gjeldande til 18.01.2021:

- Kor/korps – ingen aktivitet
- Bibliotek og filialane har ope med avgrensa tilgang til antal besøkande med max 3 inne om gangen
- Ungdomsklubben/biljard er stengt
- Kulturskulen – undervisning som normalt
- Hallaktivitetane er stengt
- Høyangerbadet og Lavik symjehall er ope
- Ungdomsskulane er på raudt nivå, men elevane møter på skulen som vanleg
- Rådhuset er framleis ope med avgrensa tilgang til etasjane, heimekontor vert nytta

 

Vaksinering

Det vil bli sett i gang vaksinering denne veka. Vi mottek 20 dosar denne veka og 15 dosar neste veke. Det er laga plan for kven som skal vaksinerast.

 

Status

Pr i dag, 04.01.2021, har vi ingen påvist smitta i vår kommune. Testing pågår kontinuerleg.