Koronavirus - Covid 19

Status, pr 22.10.2020: 1 påvist smitta, som er knytta til Havyard i Hyllestad. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl 10:00 - kl 12:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Koronainformasjon sjukeheim og omsorgsbustadar

Klikk for stort bilete

Det vert lagt til rette for å kunne ta imot besøk i sjukeheimar og omsorgsbustadar, men besøk må alltid avtalast på førehand.

Besøkande som har vore på reise i Noreg

Smittesituasjonen i Noreg kan utvikle seg raskt og kva område som har auka smitte med covid-19 vil endre seg. Det er framleis auka smitte med covid-19 i enkelte område i Noreg. Vi må gjere det vi kan for å unngå at pasientar og bebuarar i sjukeheim og i omsorgsbustadane vert utsett for smitte. Det vert difor innført besøksrestriksjonar for personar som har vore på reise i område med mykje smitte.

Pårørande eller andre som har vore på reise i områder som er raude kan ikkje komme på besøk i omsorgssenteret før 10 dagar etter heimkomst.

For pårørande som bur i raude område og er på besøk i Høyanger kommune kortare enn 10 dagar, kan få dispensasjon til å besøke pasient/brukar i omsorgssenter eller omsorgsbustad dersom:

  • Dei er friske og utan symptom på luftvegsinfeksjon
  • Har fersk covid-19 test som er negativ
  • Er kjend med gjeldande smittevernreglar og følgjer desse

NB! Det er institusjonsleiar/einingsleiar i samråd med smittevernlege som kan gje slik dispensasjon.

For alle besøkande gjeld følgjande reglar:

Pårørande som har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje kome på besøk

  • Gode rutinar for handvask før og etter besøk
  • Besøkande må halde reglar om avstand; direkte fysisk kontakt kan vurderast, men nær ansikt-til-ansikt-kontakt bør unngåast. Om det skjer, er det viktig med god handhygiene etterpå.
  • Personalet har høve til å vise vekk pårørande med symptom på luftvegsinfeksjon, eller som ikkje følgjer reglane for hygiene og avstand

Vi ber om at besøkande melder frå til avdelingsleiinga dersom de får symptom på luftvegsinfeksjon dei første dagane etter besøket.

Sjukeheimar:

Besøk skal vere avtalt med avdelingsleiinga på førehand.

Besøkande vert screena før dei kjem, og det vert ført protokoll over dei som har vore på besøk. Besøkande vert oppmoda om å oppgje namn og telefonnummer med tanke på smittesporing ved oppstått smitte.

  • Besøk bør skje utandørs om mogleg.
  • Sjukeheimane har eige besøksrom v/inngansparti.
  • Pasient/brukar kan ta imot besøk på rommet dersom kravet til avstand kan oppretthaldast . Besøkande skal då gå direkte til og frå rom. Kan ikkje kravet til avstand haldast, må besøket skje i eige besøksrom.
  • Besøkande vaskar hendene når dei kjem/ desinfiserer hender
  • Besøkande bør halde 1 meter avstand til pasient/bebuar.
  • Besøkande skal halde 1 meter avstand til tilsette og andre pasientar/brukarar.
  • Besøkande kan ikkje opphalde seg i felles areal, berre gå til og frå pasientrom.
  • Tal besøkande bør avgrensast.
  • Pasient/brukar kan besøke sine pårørande heime, men det skal vere avtalt med avdelingsleiinga på førehand og dei ame smittevernreglane gjeld som for besøk i sjukeheim. Alle personer som er tilstades under besøket skal det utførast screenning på.

Omsorgsbustader

Bebuarar i omsorgsbustad har høve til å ta i mot besøk i sin bustad.

Det er særs viktig at alle pårørande/besøkande følgjer gjeldande smittevernråd.

Vi minner om at reglane er der for å beskytte bebuarane, som er dei mest sårbare for alvorleg korona-infeksjon.

Høyanger kommune har følgjande tilrådingar:

  • Besøk bør vere avtalt med bebuar på førehand.
  • Besøkande skal gå direkte til bebuar sin bustad.
  • Besøkande kan ikkje opphalde seg i felles areal.
  • Tal besøkande bør ikkje vere fleire enn at avstand på 1 meter kan oppretthaldast.
  • Besøk bør skje utandørs om mogleg.
  • Bebuar kan besøke sine pårørande heime og dei same smittevernreglane gjeld som for besøk i omsorgsbustad.

Reiser til utlandet

Regjeringa har opna for fritidsreiser til enkelte land i Europa med låg smitterisiko, men tilrår likevel at vi unngår unødvendige reiser til utlandet. Folkehelseinstituttet (FHI) sine reiseråd skal redusere faren for at personar busett i Noreg vert smitta og at reisande tek med seg smitte til Noreg. Det er viktig at reiseråda vert følgde, FHI sine reiseråd.

Pårørande eller andre som har vore på reise i utlandet kan ikkje komme på besøk i omsorgssenteret før 10 dagar etter heimkomst.