Koronavirus - Covid 19

Status pr 22.01.2021: Ein påvist smitta, arbeidsinnvandrar. Den smitta sit i isolasjon. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre!
 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Koronavaksinering - risikogruppene

Klikk for stort bileteVi satsar på å starte med vaksinering i slutten av januar månad. Det er dei over 75 år som er heimebuande eller bur i omsorgsbustad, som først får tilbod om vaksinering. I samband med dette sender vi ut informasjonsbrev til alle i løpet av veka. Dersom du ikkje mottek brevet kan du også finne det på sida her.

Du vil i tillegg til brevet få SMS på telefonen der du må svare JA/NEI på om du vil ta vaksina. Ber om at flest mogleg svarer elektronisk, men om du ikkje klarer, kan du ringe koronatelefonen og gi svaret ditt der.

Koronatelefonen er open mandag-torsdag kl 10:00 - 14:00, tlf 992 19 398.

Hugs å ta med utfylt samtykkeerklæring og eigenerklæring den dagen du skal vaksinerast. 

Utsendt informasjonsbrev med samtykkeerklæring (DOCX, 28 kB).
Eigenerklæring finn du her (PDF, 523 kB).

Merk:

Dersom du har fastlege i annan kommune enn der du bur, er det kommunen der du bur som er ansvarleg for vaksineringa. 

Les meir om samtykkekompetanse her 


Folkehelseinstituttet si side om vaksinering

Regjeringa si side om vaksine