Kulturprisen 2019 til Reidun Haugnes

Klikk for stort bileteKulturprisen for 2019 vart, under kommunestyret sin julemiddag 12.12., tildelt Reidun Haugnes.

Ordførar Petter Sortland og kommunalsjef for kultur og folkehelse Anita Nordheim, overrekte prisen.

(Bilete frå Ytre Sogn)

 

 

Grunngjeving:

Reidun Haugnes har i ei årrekke vore kommunen sin fremste pådrivar for kunstformidling, både for innbyggjarane generelt, og ikkje minst overfor barn og unge.

Gjennom mange års arbeid i Høyanger Kunstlag har ho gjort innbyggjarane kjende med både lokale, regionale og nasjonalt kjende kunstnarar, så vel som ulike former for kunstuttrykk. Nemnast bør den flotte skulptursamlinga i regi av Norsk billedhoggerforening, der fleire av skulpturane vart verande igjen i kommunen. Reidun var ein stor pådrivar i dette arbeidet.

Reidun Haugnes har i mange år vore ein viktig samarbeidspart innan kulturarbeid i kommunen. Vi kan mellom anna nemne, kulturskift og referansegruppa for allmensoga i Høyanger. Reidun har vore i bresjen for fleire betydningsfulle kunstutstillingar som til dømes «Birger Tusvik – det leikande menneske» og «Som piler i rommet» med verk av Gunnar S. Gundersen for å nemne noko.

lkkje minst har Reidun også vore ein stor pådrivar for at kommunen no har fått på plass Gunnar S. Galleriet i Byporten, eit arbeid ho jobba målbevisst med i over 20 år. Med andre ord var ho ein nøkkelperson i arbeidet, og Reidun Haugnes har slik vore med på å setje Høyanger på det nasjonale kunstkartet.

Utmerkinga Årets Kunstforening 2018 (Norske kunstforeninger) vart delt mellom Høyanger Kunstlag og Kongsberg Kunstforening. Juryen gav prisen til to svært ulike, men like inspirerande kunstforeiningar. På kvar sin måte representerer dei det viktige arbeidet som vert gjort i mangfaldet av kunstforeiningar i landet. Reidun Haugnes tok i mot prisen som mangeårig kunstlagsleiar og som pådrivar for laget sin betydningsfulle aktivitet.

Reidun Haugnes er ein verdig kandidat til kulturprisen 2019, og vi gratulerer!