Koronavirus - Covid 19

Vi oppfordrar innbyggarane våre om å unngå unødig reiser til Bergen på noverande tidspunkt. Dette på grunn av ei auke av smittetilfelle og ein uavklart smittesituasjon i samfunnet.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf 57713900 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - fredag, kl 10:00 - kl 12:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Kulturprisen 2020

Klikk for stort bileteHøyanger kommune kan kvart år tildele kulturpris til ein verdi av kr 10 000. Prisen kan evt. bli delt ut på to kandidatar. Kulturprisen kan tildelast einskildpersonar, lag/organisasjonar og grupper som har gjort ein større innsats for kulturlivet i kommunen.

Det er utarbeidd retningslinjer for tildeling av prisen. Desse kan ein få ved å gå inn her: https://www.hoyanger.kommune.no/tenester/kultur-folkehelse-og-fritid/kulturpris/

Ved spørsmål: kontakt kommunalsjef kultur og folkehelse Anita Nordheim,
tlf. 57 71 15 00/ 959 22 434

Send framlegg med grunngjeving til Høyanger kommune:
postmottak@hoyanger.kommune.no, postadresse: postboks 159, 6991 Høyanger innan 1. oktober