Koronavirus - Covid 19

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Kulturskuleframsyning i Vadheim Frisbeepark

Klikk for stort bileteMåndag 3.mai kl. 1800-1930 vert det framføring i Vadheim Frisbeepark med elevar frå Høyanger kulturskule.

Her får du oppleve kunstutstilling og musikk m.m. i herleg samspel. Dette er ei tverrfagleg framsyning kunstelevane i Vadheim og Høyanger, og musikkelevane i Vadheim har jobba med i vår.

Utstillinga heng kun denne kvelden, og musikken m.m. vert vist fleire gongar i løpet av tida.

For publikum som kjem med bil ber vi om at de parkerar ved Vadheim skule og går tilbake til frisbeeparken.

Smittevern: Alle publikumerar vert registrert, og elles gjeld vanleg smittevern: frisk, avstand, reine hender og om naudsynleg slepp vi inn puljevis.

Velkomen til spannande framsyning.

Vi gler oss!