Kva med å gjere ulykkesdagen til ein førebyggingsdag?

 Ulykkesdagen fredag den trettande er her igjen. 

Statistisk sett skjer det fleire ulykker i forkant av høgtidsdagar som julaften og 17. mai. For eksempel er det fleire som skadar seg i trafikken i mai enn i april. Vi oppfordrar difør våre innbyggarar til å ta nokre enkle forholdsregler, slik at du held du deg skadefri på 17. mai og resten av våren.
 

•    Mange skal nå finne frem vaser, bunad, norske flagg, bordpynt og anna som er gjøymt vekk  på loftet eller øverst i skapet. Hugs å stå på noko stødig når du skal leite det frem, og hald alltid ei hånd på rekkverket når du går den bratte trappa til loftet eller kjellaren.
•    Mai er månaden for vårreingjering. Ver forsiktig med skadelige kjemikalier og vaskemidler, i verste fall kan du forgifte deg sjølv eller andre. Sjå etter svanmemerket neste gang du skal kjøpe vaskemiddel, eller bruk effektive og miljøvennlige ingrediensar frå matskapet som eddik, bakepulver og sitron.
•    Hagen og uteplassen skal gjerast klar til solfylte dagar og lange kveldar. Det inneberer ofte arbeid i høgda, som å rense takrenner, klippe busker og kratt, male huset eller vaske vinduene. Pass på at du sikrer deg sjølv godt når du skal utføre arbeid i høgda.
•     I mai månad er den store dugnadsmånaden, og kan innebere arbeid med risiko for skader. Bruk derfor verneutstyr og hanskar når det trengs, og vær oppmerksam på skarpe gjenstandar når du plukkar søppel.
•    Sjølv  om du ikkje skader deg på «ulykkesdagen» kan det være greitt å ha førstehjelpsskrinet klart til 17. mai (og sommaren). Ta en sjekk av det du allerede har: har nok gått ut på dato, er det noko som er tomt, har behova endra seg sidan forrige gang? Har du ikkje et førstehjelpsskrin? Da er dette ein ypperleg dag å gå til innkjøp av det på!