Koronavirus - Covid 19

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Kyrkjebø Kyrkje 150 år 1869-2019

Klikk for stort bilete

I løpet av jubileumsåret har det vore og skal vere mange arrangement i samband med at Kyrkjebø kyrkje feirar 150 år.  

Sundag var det festgudstjeneste med prost Reidar Knappestad, tidlegare prestar og organistar. Alle frammøtte var velkomne til gratis jubiléumsmiddag med kaffe og kaker i messa på Tronvik etter gudstenesta. 

Kyrkjebø kyrkje vart vigsla 7.okt i 1869. Sidan har det vore ein samlingsstad i glede og sorg for heile kommunen. 

Varaordførar, Geir Helge Østerbø, var til stades og hadde helsingstale og overrekte gåve. 

Jubileumsnemda saman med bygdefolket har lagt ned eit stort arbeid. Dei har og gjeve ut eit jubileumsskrift som samla kyrkja si historie. 

Kyrkja var i dag fullsett for ei storstilt festgudsteneste. 

Lukke til vidare med jubileet.