Koronavirus - Covid 19

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Legetenesta i Høyanger

Endringar av opningsdagar ved Lavik legekontorHøyanger legekontor - Klikk for stort bilete 

Frå 1. juni vil legekontoret i Lavik ha faste opningsdagar måndag og onsdag.

 

Drift legetenesta i veke 24

Grunna pålagte kurs for legane vert drifta av legetenesta redusert i veke 24.

Denne veka vil ein kun tilby legevaktstimar og øyeblikkeleg hjelp for befolkninga i Høyanger kommune.

Måndag 8. juni, tysdag 9. juni og onsdag 10. juni er legekontora ved Lavik og Søreide utan lege. Sjukepleiar er til stades og har kontakt med vakthavande lege.