Legetenesta sommaren 2018

Høyanger legekontor - Klikk for stort bilete Grunna ferieavvikling i legetenesta vil det verte noko reduserte opningstider i sommar.

Grunna ferieavvikling ved legetenesta, kan det i juli og august oppstå noko lengre ventetid på telefon og i luka. Vi oppmodar om å nytte førespurnad om timebestilling og fornying av reseptar via Helsenorge.no.

Lavik legekontor

Lavik legekontor har ope 11., 16. og 30. juli. Frå 1. august vil legekontoret vere i normal drift att.

Søreide legekontor

Søreide legekontor har ope 17. og 31. juli. Den 10. juli har kontoret legesekretær tilgjengeleg. Frå og med 7. august vil legekontoret vere i normal drift att.

Laboratoriet i Høyanger har følgjande opningstider:

  • måndag 9. juli og tysdag 10. juli er laboratoriet ope frå kl. 09:00 - kl. 11:00
  • måndag 16. juli og onsdag 18. juli er laboratoriet ope frå kl. 09:00 - kl. 11:00
  • måndag 23. juli og onsdag 25. juli er laboratoriet ope frå kl. 09:00 - kl. 11:00

Det vert vanleg opningstid frå og med måndag 6. august. Opningstid kl. 08:15 - kl. 13:15.