Månadens kulturminne mai 2017 - Klævold Kystfort

bilde kulturminne.jpg - Klikk for stort bilete

 

Klævold Kystfort er månadens kulturminne for mai 2017. I samband med Høyanger Kommune sitt arbeidd med den lokale kulturminneplanen, ønskjer vi å skape blest om ulike kulturminne i kommunen.

"På Klævoldsneset ved inngangen til Vadheimsfjorden bygde dei tyske okkupantane eit mindre kystfort. Her hadde dei god oversikt utover Sognefjorden. På neset finn ein i dag restane etter fire kanonstillingar, mura i stein og betong, med tilhøyrande bunkersar som var nytta til ammunisjons og dekkningsrom. Kanonane er vekke, men dreieskivene i stål til står igjen. Der står framleis igjen ein intakt kommandobunkers i betong, som det etter krigen var bygd ei hytte oppå, der bunkersen fungerer som kjellar for hytta. Tuftene etter det som var ei kantine og kjøkenbrakke er godt synlege. Det står framleis to hus som truleg var nytta som ammunisjonslager. Nede ved fjorden står ein mindre stilling, der det opphavleg var ei panservernkanon. I svingen oppe ved hovudvegen står ei MG-stilling med fri sikt i begge retningane. Ovanfor vegen ligg restane etter eit basseng som var nytta som vassverk. Elles er det spor og tufter etter nokre fleire bygningar og anna infrastruktur."

Teksten er hentet frå Kulturminnesøk.

 

 

Publisert av Maria Brendehaug Petersen. Sist endra 12.05.2017
 
 
Login for redigering