Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Myrane

Klikk for stort bileteMyrane Marte Conradi

 

Turen tek ca. 1,5t., og går frå 130 til 330 m.o.h.

Adkomst og parkering: Ta av til venstre frå E39 ved Norevik (før den nye tunnelen), og fylg gamle E39 opp til det høgste punktet ved Hovden. Parkering her.

Turen startar frå gamle E39 opp ein traktorveg. Etter ca. 300m. Går det av ein sti til venstre gjennom eit lite myrområde. Fylg stien vidare opp til Myrane. Om ein vil kan ein fylgje stien vidare nokre hundre meter frå Myrane opp til gapahuken som står innunder Kjølefjellet. Herfrå kan ein fortsette vidare inn på traktorvegen og fylgje denne ned att til Hovden for ei fin rundtur.