Koronavirus - Covid 19

Status pr 25.11.2020: 1 påvist smitta, pågår smittesporing og testing av nærkontaktar. Vi har også ein utanlandsk person som er påvist smitta og som oppheld seg i Høyanger kommune.

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Testing i Høyanger kommune - kontakt legekontoret tlf. 57 71 39 00 måndag-fredag, før kl 10:30.

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge 2021

Klikk for stort bileteKven kan søkje

Offentlege instansar, private aktørar og friviljuge aktørar vil kunne søkje om tilskot.

Formålet med ordninga

Formålet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og unge. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire born og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktiviteter, uavhengig av foreldras inntekt og sosiale situasjon.

Informasjon til alle søkjarar

Alle som vil søkje vert tilrådd å lese lysninga nøye. Det skal søkjast via: Bufdirs søknadsportal

Søknadsfristen er 4. desember 2020. For meir informasjon, sjå: 

https://bufdir.no/Tilskudd/Soke_om_tilskudd/Barn_og_ungdom/lavinntekt/