Koronavirus - Covid 19

Status 09.04.2021: Ingen nye påvist smitta. Vi har framleis ein påvist smitta som sit i isolasjon. 

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

NAV Høyanger informerer

NAV-logo - Klikk for stort bileteEr du permittert eller utan arbeid og har ikkje fullført vidaregåande opplæring? No får du sjansen til å skaffe deg vitnemål eller fagbrev gratis.

Korona pandemien har gjort til at mange er permitterte eller arbeidsledige. Det er ønskjeleg at flest mogleg nyttar perioden som arbeidsledig til å skaffe seg meir kompetanse. Fram til 30. juni 2021 kan du no skaffe deg vitnemål, fagbrev eller anna utdanning medan du får dagpengar.

Vestland fylkeskommune har nyleg oppretta tilbod til dei som kan tenkje seg å fullføre vidaregåande skule, og i tillegg finst det god oversikt over ulike typar utdanningar på utdanning.no.

Nedanfor finn du meir informasjon om dei einskilde tilboda:

Sjå: nyoppretta tilbod frå Vestland fylkeskommune for denne gruppa.

Sjå også: tilbod frå andre utdanningsinstitusjonar.