Koronavirus - Covid 19

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følgjer situasjonen og utviklinga tett. 

Det er framleis viktig å halde fram med dei nasjonale smitteverntiltaka, særleg når vi no kjem gradvis i meir aktivitet. 
Har du symptom du halde deg heime frå jobb, og ved forverring med hoste/feber/tungpust ring legekontoret. 
VIKTIG: At vi alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak

Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring informasjonstelefonen for korona på telefon - fellesnr 992 19 398, kvardagar mellom kl. 10:00-13:00 eller nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

NAV Høyanger - økonomisk stønad

Klikk for stort bileteVi oppmodar om at flest mogleg følgjer råda vi har gitt før om å nytte seg av dei elektroniske løysingane på nav.no - også for å søkje om økonomisk stønad.

Grunna stor pågang på NAV kontaktsenter, har NAV Høyanger oppretta ein midlertidig telefon ein kan ringe i høve økonomisk stønad. Om du er i krise og har spørsmål kring økonomisk stønad, kan du ringe 40638652. Du kjem då direkte til rådgjevarar ved NAV Høyanger.