Koronavirus - Covid 19

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre! 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune

Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Nettbesøk på sjukeheimane

Klikk for stort bileteNye moglegheiter for kontakt med  pårørande ved sjukeheimane våre.

 

Førre veke tok sjukeheimane i bruk nettbrett med pasientane.  Dei får no høve til å sjå og prate med sine pårørande .

Dette er eit positivt tiltak i ei utfordrande tid. Både pasientar og pårørande set pris på den nye moglegheita for kontakt.
 

Dette opnar og  for nye møte med familie og kjente både nær og fjern.

 

 

Personalet ved sjukeheimen fortel om flott og rørande møte, når pasientar får sjå og prate med familie og vener.  Det å få kontakt med barn, barnebarn og oldebarn på den digitale plattforma betyr mykje for pasientane.

 

Pårørande som ønsker kontakt med sine kan nytte desse telefonnummer:
Høyanger: tlf 57 71 16 38
Kyrkjebø: 57 70 74 00

 

Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete