No kan du søkje om sosialhjelp digitalt

NAV-logo - Klikk for stort bileteDu kan no søkje om sosialhjelp digitalt i Høyanger kommune. Den nye løysinga gjer at du kan søkje heimanfrå heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.

For å søkje sosialhjelp digitalt, må du logge deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerheitsløysingar som Buypass eller Comfides.

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til utfylling, kan du ringe NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing på telefon. Du kan få hjelp på NAV-kontoret i opningstida (mandag, onsdag og fredag i tidsrommet 12.00 – 14.00), eller ta kontakt for ein samtale slik at sakshandsamar kan rettleie deg første gongen du søkjer. Om du av ulike grunnar ikkje kan bruke den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du framleis møte opp på NAV-kontoret eller bruke papirsøknad.

 

Meir informasjon

På menyen på nav.no under sosiale tjenester og økonomisk sosialhjelp, finn du meir informasjon Veiviser økonomisk sosialhjelp nav.no