Koronavirus - Covid 19

Status pr 22.01.2021: Ein påvist smitta, arbeidsinnvandrar. Den smitta sit i isolasjon. 

VIKTIG: At alle følger generelle tiltak med avstand og god hygiene. HUGS: For dei fleste er dette ein mild sjukdom, det er dei eldre og sårbare vi må passe på! Ta vare på kvarandre!
 

Nasjonale tiltak
Her finn du meir informasjon om situasjonen og tiltak frå Høyanger kommune
Information about covid-19, corona, in different languages

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open måndag - torsdag, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Nytt tilbod i kulturskulen

Klikk for stort bilete
Visuelle kunstfag

Kulturskulen startar opp tilbod innan visuelle kunstfag frå 8.klassetrinn i Høyanger måndag 11.januar.

Dette er for heile kommunen. Vi set opp transport frå Lavik ved behov. Avreise frå Lavik kl. 1630. Kom å prøv!

Hugs å melde deg på til kulturskulerektor Beate Kjølstad tlf.: 99219371 el. beate.kjolstad@hoyanger.kommune.no

 

 

Lære å spele eitt nytt instrument?

Kulturskulen har ledige plassar på messing (kornett/trompet, althorn, trombone, baryton, tuba) frå nyttår.

Kulturskulen er for alle aldersgrupper, men born og unge vert prioritert.

Sjå heimesida for meir informasjon eller ta kontakt med ein av lærarane i kulturskulen eller kulturskulerektor.