Opning Reodorgarasjen

Fotograf: Høyanger kommune Fotograf: Høyanger kommune Fotograf: Høyanger kommune

Reodorgarasjen er lokalisert i  Høyanger vidaregåande skule sine lokaler. Målet er å begeistre og inspirere barn og unge til å vere kreative, oppfinnsame og nysgjerrige!

Reodorgarasjen skal vere open for alle kvar onsdag frå kl. 17.30-19.30. Inngang finn dykk i "hesteskoen" ved den vidaregåande skulen.

Ordførar Petter Sortland sin tale ved den offisielle opninga av Reodorgarasjen i Høyanger 04.04 2018:

"Målet med garasjen er at vi skal kunne gi born og unge eit oppdatert og framtidsretta tilbod der dei kan få prøve ut og «leike» med den nyaste teknologien i marknaden.  Dette er ikkje ei eingongsinvestering, men kostnader som vil genererast i takt med utviklinga på teknologifronten, skal vi henge med i «racet»  Garasjen skal verte ein samlingsplass for alle som har interesse for teknologi, barn og unge, foreldre og besteforeldre.

Høyanger har i lang tid mangla eit tilbod for dei som ønsker å skape og bygge noko, og for dei som kanskje har ein liten «gründer» i magen.

Garasjen skal i første omgang drivast av teknologiinteresserte foreldre, lærarar og andre som har interesse av å bidra. ​Ein vil også hente inn folk utanfrå på fagfelt der vi ikkje har kompetanse.I Høyanger finst det mange besteforeldre med god tid og masse kunnskap. Då kan ein skape ein arena for trivsel og kvalitetstid for gamle og unge. ​

Ein skal lære barn og unge om miljø ved å i størst mogeleg grad bruke resirkulerte og brukte delar til nye oppfinningar.

Vi ønsker at dei som brukar garasjen skal seie noko om kva dei ønsker at Reodorgarasjen i Høyanger skal vere! Kva kurs ein ønsker (kan vere alt frå elektronikk​, koding​, 3D-teikning og printing, lodding, sveising, dronebygging, modellflybygging, foto- og video mm).

Det er Høyangerskulen 1-13 ved Høyanger skule og Høyanger vgs som er initiativtakarar for Reodorgarasjen, men etter kvart er målet at garasjen skal «styre» seg sjølv. Her kan ein kunne kome og gå som ein vil.

Reodorgarasjen skal også kunne nyttast av Høyangersskulen 1-13 – som eit «praktisk klasserom»:

Ein skal vise alle unge at realfag, yrkesfag og kreative fag er morosamt​. Vi vil styrke entreprenørskapssatsinga i Høyangerskulen 1-13!​

Vi vil vise gjennom praktisk morosam læring at matematikk, fysikk og kjemi er viktige og nyttige fag, uansett kva utdanning ein vel i framtida​

Reodorgarasjen og Høyanger kommune / HNU:

Kommunen, fylket og HNU etablerer i desse dagar eit prosjekt som har som mål å m.a. vidareutvikle skuletilbodet ved Høyanger vgs der Reodorgarasjen er ein del av det heile. I kommunen sin verdiskapingsplan er det eit eige fokusområde for å få til eit tettare samarbeid mellom skulane og næringslivet – der meir tilpassa utdanningslinjer vil vere sentrale element.

Eg håpar at etableringa av Reodorgarasjen kan bidra sterkt til å få meir fokus på utvikling av aktive gründermiljø i heile kommunen. Men, skal vi lykkast over tid, treng vi engasjement, midlar og tilpassa utstyr frå – både næringsliv, kommune, fylket, HNU, private og andre aktørar.

Reodorgarasjen og lokalt næringsliv – samarbeidspartnarar:

Det er eit uttalt ønske om at lokale bedrifter er med på å utvikle Reodorgarasjen for å gjere dei unge i Høyanger meir interesserte i teknologi, realfag og praktiske fag.

Det som gjenstår no i første fase er kjøp av nødvendig utstyr som førebels er kalkulert til ca. kr 250.000,-.

Næringslivet vil verte invitert til ei orienteringssamling i Reodorgarasjen den 25. april kl. 17.30.

Næringssjefen og/eller Ståle Walsvik som er avdelingsleiar for yrkesfag  vil ta direkte kontakt med lokalt næringsliv med det første for å drøfte korleis ein kan få til eit samarbeid/bidrag mellom lokale bedrifter og Reodorgarasjen.  Ein planlegg eigne møte med kvar bedrift, der ein og drøftar ny partnarskapsavtale.

Eg håper på eit like godt samarbeid i Høyanger som det ein har klart å få til i Førde!

Lokale bedrifter kan kunne bruke lokalet til kurs for sine tilsette, som eit kurs- og kompetansesenter.  I Førde vert Reodorklubben brukt som lokale for Forskarfabrikken.

Frode Steen og Reodorklubben i Førde er viktige samarbeidspartnarar, dei har vore viktige inspiratorar i vårt arbeid så langt.

Med desse orda er det ei glede for meg å kunne opne Reodorgarasjen ved Høyanger vgs.  Mi von er at dette arealet vil igjen syde av «liv og røre» i åra som kjem.  Lukke til med prosjektet!!"