Oppmoding om å klyppe hekkar og rydde til fri sikt

Klikk for stort bileteTenk tryggleik og klypp hekken før skulestart!

Små barn på skulevegen blir lett usynlege bak store hekkar og busker. Dette kan føre til farlege situasjonar i trafikken. Høyanger kommune oppmodar folk om stusse hekkene i samband med skulestart.

Høge busker ved avkøyrsler eller store greiner som heng ut i vegkryss kan gjere det svært uoversiktleg for bilistar, syklistar og gåande. Dette er eit aukande problem i sommarmånadane.

Trafikantane mister ikkje berre sikt, men kan også gå glipp av viktig informasjon når skilt langs vegane vert skjulte av grøne buskvekstar.

Ein lovpålagt stuss!

Folk som bor langs trafikkerte vegar må klippe hekkar og busker på eigendomane sine, av omsyn til eigen og andre sin tryggleik.

Å sørge for fri sikt er så viktig at ansvarsforholda er nedfelt i Vegtrafikklova. Det er du som bor ved vegen som er ansvarleg for å klippe hekk og busker på eigedommen din. Det skal være god sikt ved vegkryss og ved avkøyrsla. Mange bilistar må også krysse gang- og sykkelvegar for å køyre ut på vegen. Då må dei lett kunne sjå både små og store trafikantar.

Berre ein halv meter!

Når du står fire meter inn i avkøyrselen din skal du ha minst 20 meter fri sikt i kvar retning langs gang- og sykkelvegen, ifølge lova. Hekk og gjerde skal heller ikkje være høgare enn 50 centimeter ved avkøyrsla.