Pedagogisk leiar - vikariat

Lavik skule  - Klikk for stort bilete

Lavik barnehage er godkjent for 36 plassar, og er samlokalisert med Lavik skule. Barnehagen ligg sentrumsnært i Lavik og har kort avstand til symjehall, fjøra, butikk o.a. Gode turmogelegheiter i nærleiken av barnehagen. I perioden frå snarast  – 29.02.20 er det ledig stilling som pedagogisk leiar  - vikariat. Stillingstorleik 40 % frå snarast. Kan auke opp mot 100 % i tida fram til 01.12.19. Frå denne datoen til 29.02.20 100 % stilling.

Søkjarar må:

  • ha utdanning som barnehagelærar – eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
  • kunne arbeide sjølvstendig og målretta
  • kunne skape gode relasjonar til born og vaksne
  • vere fleksibel og samarbeidsvillig
  • ha godt humør

Politiattest blir krevd ved tilsetting.

Lønn etter gjeldande tariff.

Gode pensjons- og forsikringsordningar. 

Kontaktperson: styrar Marit Gjersvoll på tlf 99219388.

Søknadsfrist: 22.09.2019 

 

Søknad via vårt elektroniske søknadssenter. Merk søknaden med 19/761.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd  med reglane i offentleglova.