Pedagogisk leiar

Olderdalen uteområde.jpg - Klikk for stort bilete Olderdalen barnehage har 4 avdelingar og er godkjent for 72 plassar. Barnehagen er lokalisert sentrumsnært i Høyanger tettstad og har kort avstand til symjeanlegg, idrettshall, bibliotek, butikkar o.a. I nærleiken av barnehagen er det fint turterreng som blir brukt ofte. Barnehagen har frå 01.12.17 ledig 100 % stilling som pedagogisk leiar.

 

 

 

Søkjarar må:

  • Ha utdanning som barnehagelærar
  • Kunne arbeide sjølvstendig og målretta
  • Kunne skape gode relasjonar til born og vaksne
  • Vere fleksibel og samarbeidsvillig
  • Ha godt humør

Då det er stor overvekt av kvinner i personalet oppmodar vi menn om å søkje.

Politiattest blir kravd ved tilsetting.

Kommunen er hjelpsam med kommunal bustad.

Lønn etter gjeldande tariff.

Gode pensjons- og forsikringsordningar. 

Kontaktperson: styrar Siv Anita Gudvangen på tlf 57712050/99219373

Søknadsfrist: 27.09.17

Søknad via vårt elektroniske søknadssenter. Merk søknaden med 17/640.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

 

Publisert av Hilde Sviggum. Sist endra 13.09.2017
 
 
Login for redigering