Koronavirus - Covid 19

 

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Prosjekt - Tenesteområde helse og omsorg

Klikk for stort bileteI 2019/2020 vart det utført ein gjennomgang av dagens helse- og omsorgstenester i Høyanger kommune, og ein analyse av behovet for tenester i kommunen i framtida. 

Gjennomgangen viser behov for å gjennomføre ei stor omstilling for å møte behovet for helse- og omsorgstenester fram mot 2040. Alderssamansetninga og demografiutvikling gjer at endringsbehovet er stort innanfor helse og omsorg. 

Sluttrapporten frå arbeidet skisserer ein tiltaksplan for helse og omsorg i Høyanger kommune. Denne vart handsama og vedtatt gjennomført i samsvar med tilrådingane i kommunestyret i november 2020.  


Det arbeidet som no er igangsett er ei oppfølging av dette vedtaket. Det er sett ned fleire prosjektgrupper der samansettinga skal sikre både det tverrfaglege og djupnekunnskapen om sektoren. Tillitsvalde og brukarrepresentantar er også kopla tett på prosjektet, mellom anna gjennom deltaking i styringsgruppa. Innbyggjarane vil bli involvert på ulike måtar, mellom anna gjennom høyringar.
Prosjektgruppene skal arbeide i eit år, og målet er at vi i løpet av dette året både skal vere godt i gang med utviklingsarbeidet, og at vi har ein konkret og god plan for korleis vi skal arbeide med dette vidare i åra som kjem. 

Klikk for stort bileteArbeid i prosjektgruppe Klikk for stort bileteArbeid i prosjektgruppe  Klikk for stort bileteOrientering i Ungdomsrådet     

 

 

 

 

 

 

Dette er eit viktig utviklingsarbeid for kommunen, og arbeidet er høgt prioritert både av politikarane og administrasjonen. Som ordføraren sa på første samlinga: «Vi må ta grep om utviklinga sjølve medan vi framleis har økonomisk handlingsrom til å gjere det».
Den første leveransen kjem allereie i løpet av mars når vi skal legge fram ein Strategiplan for Helse og omsorg for politisk handsaming. Vi er altså godt i gang!

Sluttrapporten etter gjennomgangen i 2019/20 finn de her.  (PDF, 3 MB)
Har de spørsmål til dette arbeidet kan de ta kontakt med Rådmann Kjellaug Brekkhus