Koronavirus - Covid 19

Status 09.04.2021: Ingen nye påvist smitta. Vi har framleis ein påvist smitta som sit i isolasjon. 

Koronainformasjon frå Høyanger kommune

Spørsmål om koronaviruset?
Ring kommunal informasjonstelefon 992 19 398, open mån - tors, kl. 10:00 - kl. 14:00
Ring nasjonal informasjonstelefon: 81 55 50 15.

 

Råd til deg som kjem til Høyanger i påska

Klikk for stort bileteNasjonale myndigheiter oppmodar om at du ikkje reiser på påskeferie dersom du er sjuk, i karantene eller ventar på prøvesvar. Nasjonale tiltak der du bur, gjeld også for deg når du reiser på påskeferie, dersom tiltaka der er strengare enn dit du reiser. Kjem du frå område med strenge nasjonale smittevernreglar, bør du ikkje reise på påskeferie.
 

Hald to meter avstand til andre, både innandørs og utandørs. Bruk munnbind dersom du ikkje klarer å halde avstand.

Kjem du til Høyanger kommune, har vi følgande oppmoding:

• Pass på avstand, handhygiene, og kvarandre.
• Avgrens sosial kontakt mest mogleg, og du bør ikkje ha meir enn to personar på besøk.
• Ver saman ute.  

• Dei som kjem til Høyanger på ferie i påska, har eit stort ansvar for ikkje å ta med smitte. Det er framleis mange som ikkje er vaksinert, så det er spesielt viktig at vi unngår å utsette dei eldre og dei som er i risikogruppa for smitte. 

• Vi oppmodar personar som oppheld seg i område med høgt smittepress om å vere merksam på eigen aktivitet før du reiser (unngå kollektivtrafikk, bruk munnbind, unngå sosiale samankomstar, ha omgang med så få personar som mogleg). Har du luftvegsymptom, feber o,l bør du teste deg der du oppheld deg, og før du reiser.

Reiser du til hytta, reiser du med husstanden, gjer helst innkjøpa før du reiser og held avstand til andre.

• Om du får luftvegssymptom, feber o.l. skal du teste deg snarast mogleg. 
• Høyanger kommune tilbyr Covid-19 test for studentar og andre som kjem til Høyanger i  påska. Bestill gjerne testen på førehand. Dei første dagane etter du kjem, i alle tilfelle til du har fått svar på ein test, bør du berre ha kontakt med dei der du bur. Hugs at ein test er eit «øyeblikksbilde», om du utviklar symtom få dagar seinare bør du teste deg igjen!

Nasjonale smittevernreglar skal alltid følgast.
 

Reis på ein trygg måte!

Når det kjem til sjølve reisa, oppmodar smittevernlegen om å reise på ein så trygg måte som mogeleg med å følgje smittevernråda, halde avstand, vaske hender (sprite seg) og å bruke munnbind, om det er vanskeleg å halde avstand.
 

Testing
 

Du kan booke tid for testing her 

Du kan også ringe legekontoret 57713900 før kl. 10:30, måndag – onsdag, for å avtale tid for testing. Testing utførast måndag, tysdag og onsdag i påskeveka, etter avtale frå kl. 11:00. Det er ikkje høve til å møte på døra for testing!

Vi har andre ordningar i Lavik og på Søreide, kontakt legekontoret for informasjon.

Det blir ope for testing langfredag i Høyanger tettstad. Det er ikkje høve til å tinge tid på førehand. Møt opp ved teststasjonen i Storgata 3 frå kl 11 til kl 12.


I helgane og heilagdagene kan ein få utført test ved å booke time for testing på legevakta SYSIKL i Førde, tlf 116 117.